tirsdag 18. november 2008

Ekstremtur 2:)

Denne helga var me på jungel-tur. Det høyrest kanskje ikkje så ekstremt ut, men då me stod midt opp i det føltes det ganske ekstremt! Me får ikkje til å leggje ut bilder, men me prøver heller å beskrive den mektige opplevelsen med ord:)

Fredag morgon, kl 04:30, stod me opp, og pakka sekken, klar for ny utflukt! Me tok taxi ut til flyplassen, der eit eige småfly venta på akkurat OSS for å fly oss inn til jungelen. (For særs interesserte kan de sjå på kart). På førehand hadde me fått vite at me måtte vege oss før me gjekk inn i fly, men det slapp me heldig vis. Ikkje akkurat det kjekkaste å gjere når ein har vore ute å reist i 6 veker!

Flyturen tok ca 1,5 timar, og det var ein flott opplevelse! Me føyk først over Cochabamba og fekk sjå den herlige byen frå lufta, før me la flyet nordover i retning San Lorenzo. Me fekk sjå mykje av landet på turen, ikkje minst mange fjell og mykje tre:)

Då me landa blei me godt mottekne på "flyplassen" av Bassefar (huskar ikkje navnet hans) som me skullle vere med heile helga. Han var forøvrig ein svørt rik mann: han eigde 7000 kyr og 9 gardar! Litt av ein kar! Det var to av husa hans me budde i i helga.. Etter ein god frokost (tørt brød med sukker og kaffi), blei me presenterte for dagens plan: 7 timars lang hestetur eller 2-3 timar i bil. Spreke som me er, valgte me sjølvsagt hesteturen! Dette skulle me klare! (Sjølv om enkelte av oss berre hadde ridd på open gard før...!!!). Innan kl 09:00 sat alle klar på hesteryggen, klare for ein kjekk hestetur:) Etter ca 100 meter stod alle dei fire hestane i kvar sin retning: Grethe på veg tilbake, Dagis inne i eit tre, Ingrid i vill gallopp og Kjersti på vei til ein annan plass.. "Mannen" me hadde med oss på turen, ein 17 år gammal cowboy, hadde nok ikjke særleg tru på oss! (Bassefar sjølv skulle køyre bil slik at vi slapp å ri begge vegar..). Korleis skulle dette ende?? Etter ein times tid hadde me fårr slik någelunde dreisen på ridninga, og alle var nøgde med å sitje på hesteryggen..

Etter eit par timar til var tilstanden ein heilt anna igjen: Sola steika, sveitten rann, myggen sverma, me innsåg at vatnet ikkje kom til å halde heilt fram, me var svultne men brødet var så tørt og me måtte spare på vatnet at me ikkje klarte å ete det +++. Ein heftig opplevelse:)

Undervegs på turen hadde me mange bra opplevelsar: Kjersti blei neddynka av blomster frå ein ivrig rytter, naturens skjønne opplevelsar, mykje kjekke dyr og fuglar, jungel-lydar (kan ikkje beskrivast, berre opplveast!!), gnagsår i rompa, oppetne legger o gmykje anna..

Etter 8 timar, uttørsta og utmatta, trudde me endeleg at me hadde komme fram. Men neida. Bassefar og familien hadde reist ca ein time lenger inn jungelen. Då var ikjke hummøret på topp. Vatnet var drukke opp, så den einaste utvegen me hadde var å drikke brønn-vatn, noko me eigentleg ikjke hadde gjort til vanleg.. Men me blei faktisk ikkje sjuke, tru det eller ei!!

Den siste timen på hest gjekk tregt, ingen klarte å trave/gallopere pga hodeverk, vond rygg, sår rumpe, i det hele tatt..!

Då me kom fram kom turens sitat: "Eg har aldri vore så gla for å komma t ein aen plass ein heima"! Me var rett og slett heilt utslitte! Då måtte det selvfølgelig komme dårlige nyheter:
- Piloten vår føyk ikkje heim på søndagen, me m¨tte vente til mandagen. Konstant sveitte som me var, hadde me eigentleg mest lyst til å reise heim med ein gong..
- Bassefar trudde at me hadde kjøpt drikke med oss, og me trudde at han ahdde med til oss.. Ute i bushen, med 3 timars kjøretur til nærmaste sjappe, kan ein sei at me fekk eit slag i trynet.. Løysinga blei kokt vatn, med ein ekstra smak på kjøpet: BRENDT! Så frå no av minner bål-lukt oss om steikt vatn.. Ikkje til å anbefale..

Overnattinga foregikk i telt, fortsatt konstant sveitte. Dagis fekk puste-angst, mens Grethe sovna som ein stein.. Men alt i alt fekk me oss ei god natts søvn..


Denne turen kan me rett og slett kalle edt ordet vi har prøvd å lære elevane våre: TRAGI-KOMISK :)

Fortsettelse følger.. Nå ska me ut å sjå på Kristus-statuen og i 8årsdag til Martin:) JIPPI!!

Var forresten på SPA i går, gjett om me nøyt det??

3 kommentarer:

Helleland sa...

Litt av en tur dere har hatt med mange sterke opplevelser både i fysisk og psykisk utholdenhet! Hvis dere fortsatt er like gode venner, har dere fått med dere mange verdifulle erfaringer. Kanskje litt svettelukt ikke blir så avskrekkende heretter??
Dere er noen skikkelige tøffinger!
Lykke til med innspurten! Vi gleder oss til hjemkomsten + bilder og utdypende historier.
Hilsen mamma og pappa Hannisdal

Vigdis & Randi sin blogg:) sa...

Hehe, eg sitte å ler høgt for meg sjøl:):) Hørres jo ut som ekstremsport:)
Sko likt å sitt dokke i aksjon!!Hørres jaffal løye ut!!Glede meg te hørra merr om dette..Litt skuffa øve at bassefar ikkje hadde me drikka ta gjestene sine, dårlig vert rett å slett..men bra dokk overlevde, til tross for ein utelleleg mengde stikk som eg har høyrt rykte om:)

Unknown sa...

Haha! Konge:) Hørres ut så dåkk har det fint der borte i varmen:) Kos dåkk;)

Bjarte:)